I MEDIA

Kostyme for fleire hundretusen forsvann i brann på Undheim

  Publisert: 03.11.2018 kl 11:36. Sist oppdatert: 03.11.2018 kl 13:23                       Foto: Jorunn Erga Steinsland

Brann i kostymelager 2018

LAGERBRANN: Jan Jonassen og Geir Birkeland i eitt av dei andre kostymelagera til Undheim Showteater. Showteateret har mista dei finaste og dyraste kostyma sine i brannen natt til laurdag. 

Brannen i Undheim samfunnshus natt til laurdag ramma Undheim showteater hardt.

– Det var ikkje ein einaste tråd igjen i kostymerommet som brann, seier Geir Birkeland i Undheim showteater.

Natt til laurdag braut det ut brann i kjellaren på Undheim samfunnshus. Brannvesenet fekk raskt kontroll. Brann i kjellaren spreidde seg ikkje til resten av bygget. Ingen personar vart skadde i brannen.

Geir Birkeland og Jan Jonassen fortel at det var i akkurat rommet som brann dei mest eksklusive og dyre kostyma til showteateret var lagra.

– Alt av dyre kostyme er vekke. Det er litt krise. Mykje av det er uerstatteleg, seier Jonassen og fortel om flotte Disney-kostyme, originaldrakter til Skjønnheten og udyret og flotte prinsessekjolar. Gruppa har ikkje kjøpt alt sjølv. Mykje har vore gåver.

 Blir etterforska

Jærbladet møter dei to på Undheim samfunnshus laurdag. Det luktar framleis sterkt røyk i heile huset. Aller verst er det nede i kjellaren. Det var her, inne i eitt av kostymelagera, det brann natt til laurdag.

Dei to fryktar at brannen var påsett.

– Det var bare eit lysstoffrøyr i rommet som brann. Me kan ikkje forstå at det har begynt å brenna av seg sjølv, seier Jonassen.

Politiet vil etterforska brannen og har stengt av romma som brann.

Nyoppussa

Kjellaren i samfunnshuset er akkurat fiksa opp etter ein flaum i fjor. Nå må nokre av romma gjennom ei ny oppussing.

– Men det kunne vore verre, seier Jonassen og fortel at showteateret har premiere på ny førestilling om bare tre veker.

– Ingen av kostyma me bruker nå vart øydelagde. Det er eg veldig glad for, seier han og fortel at showteateret blant anna har lånt uniformar og utstyr av Krigshistorisk museum.

– Heldigvis var ikkje dette lagra i akkurat dette rommet, seier Jonassen.